Skogdagar tek pulsen på skogfolket i fylket

80 deltakarar på skogdagen i Uskedalen, Kvinnherad fekk sjå taubanedrift i aksjon. Foto: Dirk Kohlmann / SFVL.

Når skal skogen hoggast? Kva skjer etter hogst? Kva er skogfond og er det framleis lurt å investere i skogbruket? Desse og andre spørsmål vart drøfta på skogdagane, der fagfolk møtte skogeigarar.

Publisert 04.10.2023

Skogselskapet i Sogn og Fjordane i samarbeid med AT Skog, Statsforvaltaren i Vestland, Skogselskapet i Bergen og Hordaland, og dei besøkte kommunane gjennomførte i perioden 18.-22.september ni arrangement for skogeigarar ulike stadar i søre del av fylket. Både Alver, Bergen, Bjørnafjorden, Kvinnherad, Etne, Ullensvang og Kvam fekk besøk av dei omreisande skogsfunksjonærane.

Det særs gode oppmøtet på desse skogdagane, til tross for til dels strie vêrforhold, er ein god indikator på at det er stort trong for slike arrangement. Kunnskap om skogsdrift er etterspurt hjå grunneigarane. Skogselskapet og Skogkurs sin erfarne instruktør Arnt Laukeland tok ein rask gjennomgang av dei viktigaste tema frå hogst til forynging og ungskogpleie. Framleis er det for mange hogstar i for ung skog med god tilvekst. Skogeigaren taper ein stor del av gevinsten når skogen vert hogd for tidleg. Dei fleste 60-tals plantingane av gran på god mark, er stort sett for unge å hogge i dag.

Like viktig er å få arealet sett i produksjon att etter hogst. Små planter er utsette for ulike skogskadar, men å ikkje plante er å rekna som eit direkte tap. Naturforynging, også med lauvtrær, kan vere eit alternativ nokre plassar, men gran er eit godt tilpassa treslag på Vestlandet, og blir vårt hovudtreslag framover. Blandingsskog kan vere fornuftig som motstandsdyktig framtidsskog, men dette bør drøftast med dei skogansvarlege i kommunane. Dette krev oppfølging, spesielt i ungskogfasen.

Og apropos ungskogskjøtsel; dette vart vist i praksis på skogdagane. Sterke inngrep på eit tidleg tidspunkt er viktig. Å stelle den unge skogen er ein føresetnad for å skape stormsterke og verdifulle skogar for kommande generasjonar.

Mange av tiltaka i skogen – planting, skjøtsel, skogbruksplan og skogsvegbygging – kan delfinansierast med skogfond. Ikkje mange skogeigarar veit kva dette er, sjølv om dei er pliktige å sette av skogfond, mellom 4 og 40% av bruttoverdien etter kvar hogst. Skogeigaren må sette av nok skogfond til å gjennomføre naudsynte tiltak i skogen, gjerne 15-20 %. Bruk av fondet gjev stor skattefordel ved investeringar i skogen. Også dette vart formidla på skogdagane.

Alt i alt var dette nyttige dagar for både skogeigarar og skogforvaltinga. Kunnskap må byggjast i møte med folk. Vi ser fram til nye skogdagar i 2024.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.