Endra tolking for avsetting av skogfond ved erverv/ekspropriasjon av grunn til vegutbyggingar mm.

Landbruksdirektoratet har endra si tolking for avsetting av skogfond ved erverv/ekspropriasjon av grunn til vegutbygging mm. Avsetting av skogfond gjeld virke, ikkje grunnen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2021

Landbruksdirektoratet får med jamne mellomrom spørsmål frå statsforvaltarar, og i nokre tilfelle frå kommunar, om korleis regelverket i slike samanhengar skal forståast. Ved nærare vurdering har dei kome til ei ny og endra tolking av regelverket som gjeld ved erverv/ekspropriasjon av veggrunn og tilsvarande.

Les meir om dette i brevet frå Landbruksdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.