Skogskadenytt frå vest

Tradisjonelt har det vore mykje snakk om dei vanlege skadegjerarane i skogbruket på Vestlandet, som til dømes hjort og gransnutebille. I år kan vi òg vere obs på andre ting - har nokon lagt merke til at grana ser litt glissen ut på avstand no i sommar?

Publisert 29.06.2023

Eg blei sjølv merksam på eit bestand av eldre hogstklasse 2 i Ålhus, Sunnfjord kommune, i mai. Eg hadde passert det i byrjinga av mai, og la ikkje merke til noko spesielt ved grantrea då. I slutten av mai då eg passerte på nytt, var nålane merkbart brune på nokre av trea, og dei såg veldig glisne ut. Etter å ha forhøyrt meg med NIBIO, kunne dei konstatere abiotisk årsak, nemleg frosttørke.

Frosttørke skjer når røtene står i frosen mark og nålene respirerer. Vatnet fordampar ut, men dei fastfrosne røtene klarer ikkje forsyne treet med vatn. Greinene som er eksponert for sol blir svidde. Eg har sett det på eldre produksjonsskog av gran, både i Sunnfjord og Nordfjord. Årets skot ser ut til å ha greidd seg bra, men NIBIO kunne òg konstatere frostringar i vevet på dei nye skota i Ålhus. Det var ein kald periode i slutten av mai og byrjinga av juni, som kan ha forårsaka dette.

Vinteren 2014 var siste gong frosttørke gjorde stor skade på skogen på Vestlandet. Ein varmeperiode gjorde at trea byrja å respirere, og dette blei etterfylgt av ein langvarig uttørkande austavind som gjorde at mange plantefelt fekk stor avgang. Eldre produksjonsskog i hogstklasse 4 og 5 såg òg veldig glissen ut, men henta seg inn igjen.

Skada gran
Frosttørke på ung gran mai 2023 (ca 15 år) i Ålhus, Sunnfjord kommune. Foto: Torgrim Østgård, SFVL.

Høyrt om lerkesekkmøll?

Det hadde ikkje eg, men i midten av juni sende eg inn ei prøve av misfarga lerk frå Kaupanger. Svaret kom frå entomolog i NIBIO: Lerkesekkmøll (Coleophera laricella). Møllen er sjeldan i Noreg, sidan han lev på europeisk lerk, og unntaksvis på andre lerkeartar og Douglasgran. Det er få kjende angrep av arten i Noreg og generelt er det godt dokumentert at angrepne tre sjeldan døyr, men at han kan redusere høgdevekst og tilvekst. Angrepne tre er utsette for sekundære angrep som barkebiller og trebukkar, men det er lite av desse her. Langvarige angrep kan føre til honningsopp på finrøtene, som svekker treet endå mer. Lerkesekkmøll er utbreidd langs kysten og nordover til Sognefjorden.

Skada Lerk
Lerk angrepen av lerkesekkmøll, Kaupanger i Sogndal kommune Foto: Torgrim Østgård, SFVL.

Sitkagrana – påverknad frå tørkeåret 2018?

NIBIO fekk gjennom seinsommaren og hausten 2022 ein del førespurnader om skader på sitkagran på vestkysten av Noreg. Ein felttur til Rogaland blei gjennomført, og rapporten etter funna tyder på eit samansett bilete.

  • Tørkeåret 2018 og påfølgande tørkeperiodar kan ha svekka trea. Sitkagran har grunne røter, og finrøtene kan ha blitt skada. Det er desse som skaffar vatn og næringstransport. Vind og rotrykking er òg eit problem med same konsekvens, og kan forårsake tørkeliknande skadar som til dømes glissen krone eller tørr topp.

  • Når røtene blir skadde og sår blir danna ved rotrykking, er dette ein inngangsport for sopp. I Rogaland blei det funne skadegjerarar som rotkjuke og gulrandkjuke. Rotkjuke er eit stort problem for skogbruket i dei sentrale skogstrøka i Noreg, og bidreg til høgare massevirkedel enn granskogen vestpå. Rotkjuke er påvist på Vestlandet, og mest vanlegast er fururotkjuke (Heterobasidion annosum). Gulrandkjuke veks langs kysten og kan angripe forskjellige bartre. Resultatet er brunråte som oftast ikkje går langt oppover stammen, men held seg i rota.

Ein annan ting forskarane frå NIBIO påpekte, var dei påfallande små mengdene med mykhorrhizasoppar dei fann på dei ulike felta. Det kan vere ei tilfeldigheit, men mykhorrizasoppane er etablert på finrøtene til trea, og om dei er skada, kan vatn- og næringstransport bli redusert.

Granfelt i Byrkjelo, Gloppen kommune, med enkelte daude sitkatre midt i bestandet Foto: Torgrim Østgård, SFVL.

Når det gjeld skade på sitkagran, er NIBIO interessert å følgje med på utviklinga. Eg ber både næring og forvaltning om å ta kontakt om de ser sitkagran som mistrivst og er i ferd med å døy. Da kan det vere aktuelt med prøver frå stamme og ei synfaring, for å kunne sjå nærare på tilhøve ved staden.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar