Nytt forureiningsregelverk for akvakultur av fisk i sjø
Nytt forureiningsregelverk for akvakultur i sjø vart vedteke 2. februar 2024. Det nye regelverket inneber at akvakultur av fisk ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja som hovudregel tillatast utan særskild løyve etter forureiningslova.
Vilkår i løyve etter forureiningslova for å førebyggje og redusere forureining og avfallsproblem frå akvakultur erstattast av standardkrav i akvakulturdriftsforskrifta. Dei nye krava i akvakulturdriftsforskrifta til drift, overvaking og rapportering vil bidra til at næringa får standardiserte krav som er oppdaterte og tilpassa dagens kunnskap om miljøpåverknad frå fiskeoppdrett i sjø.
Rettleiing
Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet arbeider no med å lage rettleiing til det nye regelverket. Dette vil verte publisert fortlaupande av direktorata.
Kva er omfatta av det nye regelverket
Tradisjonelle, opne akvakulturanlegg av fisk i sjø ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Forskriftene gjeld ikkje fangstbasert akvakultur, drift av restitusjons- og mellomlagringsmerdar for levendelagring av villfanga fisk og oppbevaring av matfisk i slaktemerdar ved slakteri.
Når regelverket vart sett i kraft
Det nye regelverket vart sett i kraft 2. februar 2024, og har verknad frå kunngjeringstidspunktet 5. februar 2024.
Unntak: Dei nye krava om rapportering av opplysningar om fôr, forbruk av legemiddel og bruk av notimpregnering i akvakulturdriftsforskrifta § 44 tredje ledd har utsett tidspunkt for når dei vert sett i kraft. Direktorata treng noko tid på å få på plass ei rapporteringsløysing og deling av data. Desse krava vert difor sett i kraft når KLD og NFD bestemmer det, jf. akvakulturdriftsforskrifta § 70 ellevte ledd.
Kva forskrifter som er omfatta av endringane i regelverket
Søknadskrav | |
Forskrift om endring i forurensningsforskriften (akvakultur av fisk) - Lovdata | Akvakulturanlegg tillatast som hovudregel med forskriftsregulert drift eller unntaksvis gjennom særskild løyve |
Forskrift om endring i forskrift om samordning og tidsfrister i behandlingen av akvakultursøknader - Lovdata | Samordning søknadshandsaming, melding om forskriftsregulering |
Forskrift om endring i akvakulturdriftsforskriften - Lovdata | Driftskrav og overgangsordning |