Vik kommune jobbar godt med kommuneplanen

fjord, fjell, trær, vegar, hus
Vangsnes med Balestrand, Dragsvik, Esefjorden og Fjærlandsfjorden i bakgrunnen. Foto: Kommunekart 3D / Norge i bilder.

Arealdelen til kommuneplanen i Vik har lege ute til offentleg ettersyn. Vi opplever at det har vore god dialog i prosessen, og at kommunen har gjort gode grep i planen slik at både natur og landbruksareal vert betre ivareteke.

Publisert 21.03.2024

Etter at Statsforvaltaren i september 2023 sende ei førebels fråsegn til planframlegget, der vi peika på arealbruk i konflikt med nasjonale og viktige regionale interesser, har kommunen gjort endringar i både plankartet og føresegnene. Den største endringa er at fleire store byggjeområde for hytter, som ligg i den gjeldande kommuneplanen, no er tekne ut.

Vi har i brev datert 19.mars 2024 sendt formell fråsegn til det endra planutkastet. Vi ser det som svært positivt at kommunen har rydda opp i dei fleste av konfliktområda vi trekte fram tidlegare i planprosessen, slik at det no berre står att to område der vi har formell motsegn. Dette gjeld eit stort byggjeområde for industri på Vangsnes og spreidd hyttebygging på Vikafjellet. Det er også eit par punkt i føresegnene til planen som må justerast. Bakgrunnen for motsegnene går fram av fråsegna. Sjå vedlegg.

Motsegnene inneber at Vik kommunestyre ikkje kan vedta dei delane av kommuneplanen som er omfatta av motsegn. Statsforvaltaren legg til grunn at kommunen no vil vurdere om planframlegget kan endrast slik at grunnlaget for motsegnene fell bort. Dersom kommunen som planstyresmakt likevel vil gå vidare med planen slik den ligg føre, vil alternativet vere å be om mekling.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.