Stadfestar mellombels bruksendring og byggeløyve til lagerbygg i Simonsviken næringspark

Vi har handama klager på to vedtak fatta av Bergen kommune om mellombels bruksendring og byggeløyve til lagerbygg i Simonsviken næringspark i Bergen. Statsforvaltaren har ikkje teke klagene til følgje, og stadfesta vedtaka til kommunen.

Publisert 20.03.2024

Lengda på den mellombelse bruksendringa og dispensasjonane til dette var sett til høvesvis 42 månadar (3,5 år) og 3 år. Det var òg sett ei avgrensa lengde på det mellombelse løyvet til lagerbygg, inkludert tilhøyrande dispensasjonar.

Det avgjerande for vår vurdering var at det allereie er ein pågåande planprosess som har til formål å avklare bruken av området og trafikksituasjonen. Vidare at løyva som er blitt gjeve er av mellombels og høvesvis kort lengd. Slik vi vurderer løyva vil desse leggje påtrykk og incentiv til framdrift i den pågåande planprosessen.

Vi har for bruksendringsløyvet lagt som føresetnad at det ikkje blir gjeve framtidig forlenga mellombelse rammeløyve, eller forlenga dispensasjonar. Dette er for å sikre at påtrykket som følgje av at løyve er mellombelse er reell.

Klagene

I klagene på vedtaka vart det i hovudtrekk vist til at verksemda vil medføre auka bruk av krysset mellom fv. 5206 Gravdalsvegen og kommunal veg 4950 Sjøkrigsskulevegen, og at både krysset og strekninga må utbetrast før det kan gjevast løyve som aukar trafikken. Det vart vist til at strekket mellom anna er nytta som skuleveg. Det blei òg vist til naboulemper som følgje av drifta i form av støy- , damp- og støvforureining.

Vår vurdering

Vi prøvde særleg om vilkåra for å gje dispensasjon i sakene var oppfylt etter plan- og bygningsloven § 19-2 andre ledd.

I våre vurderingar la vi mellom anna vekt på at området er regulert og bygd ut til industri etter eldre reguleringsplan, og at vidare bruk og utvikling av området til industri difor til ein viss grad er pårekneleg. Vi var samd med klagarane i at det er trafikale utfordringar i området. Vidare at verksemda vil medføre ulemper for omgjevnadane i form av støy, støv og damp.

Samstundes la vi til grunn at trafikken til og frå industriområdet ikkje direkte vil påverke det særleg problematiske området for mjuke trafikantar. Vi kunne heller ikkje sjå at trafikkmengda totalt sett vil vere større enn trafikken til og frå det tidlegare stålbearbeidingsanlegget på eigedomen. Sjølv om tungtransporten vil verte noko større, vil det vere færre arbeidsreiser til og frå eigedommen. 

I medhald av lov om vern mot forurensninger og om avfall er det gjeve utsleppsløyve til verksemda av miljøavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland den 26.01.2023. I utsleppsløyvet er det mellom anna vurdert, og sett vilkår for, støv, støy og damp.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.