Kjøp av tenester - sekretariat for to villreinnemnder

Fylkesmannen ynskjer å inngå ny avtale om sekretariatsfunksjon for to villreinnemnder. Sekretariatet skal førebu og legge til rette for nemndene si saksbehandling og møteverksemd.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.01.2020

Fylkesmannen har ansvar for to villreinnemnder, nemnda for Sogn og Fjordane og nemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell. Nemndene er statlege og har det offentlege forvaltningsansvaret for villreinbestandane innanfor nærare fastsette villreinområde. Medlemar til nemndene blir føreslege av dei kommunane som har areal i villreinområda, og blir oppnemnde av Miljødirektoratet. Nemnda har funksjonstid som for kommunevalperioden.

Fylkesmannen ynskjer no å inngå ny avtale om sekretariatsfunksjon for dei to villreinnemndene. Sekretariatet skal førebu og legge til rette for villreinnemnda sin saksbehandling og møteverksemd, og skal i nær kontakt med ulike aktørar følgje opp sakene til nemnda. Tilbod kan fremjast av enkeltmannsføretak eller anna registrert føretak, eller i form av frikjøp av arbeidstid for person som har anna hovudarbeidsgjevar, slik som til dømes ein kommune. Vi ynskjer å hente inn tilbod på kjøp av sekretariatstenester for villreinnemndene for ein periode på to år, med opsjon på ytterlegare to år. Lokalisering av sekretariatet vil kunne diskuterast nærare.

Sjå vedlegga for meir detaljert informasjon om krav til sekretariatsfunksjonen og levering av tilbod. Kunngjeringa er sendt Doffin 24.01.2020.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.