Miljø og klima

Eit overordna mål for alt miljøarbeid er berekraftig utvikling. Miljøvern er eit omfattande fagfelt som dekkjer alt frå arealforvaltning og førebygging av forureining til kartlegging av naturmangfald, klimatiltak og forvaltning av fisk og vilt.

Alle sektorar har eit ansvar for å ta omsyn til miljøet i si eiga verksemd. Fylkesmannen skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Kommunane har ei sentral rolle i miljøvernarbeidet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er derfor ei viktig oppgåve for oss. 

Vis meir


06.12.2019

Søknadar om løyve til Mekvik Maskin AS og Veidekke Industri AS i Kristiansund kommune

Mekvik Maskin AS og Veidekke Industri AS søkjer om løyve etter forureiningslova.

05.12.2019

Nettkurs i Grunnforurensningsdatabasen for kommunane

Fylkesmannen i Nordland har nyleg arrangert eit webinar/nettkurs for kommunane i bruk av databasen Grunnforurensning. Vi oppmodar alle kommunane i Møre og Romsdal til å få med seg kurset! Kurset vil vere tilgjengeleg på nettet fram til 19. desember 2019.

29.11.2019

Tilskot til klimatilpassing

Kommunar og fylkeskommuner kan søke om statlig støtte til kunnskapsheving på klimatilpassing. Det er satt av 6,4 millionar kroner til ordninga for 2020. Søknadsfristen er 15. februar.

29.11.2019

258 millionar til kommunale klimakutt i 2020

Miljødirektoratet støtter klimatiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar. For 2020 er det 258 millionar kr i potten. Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppfordrar alle kommunane i fylket til å søke. Søknadsfristen er 15. februar 2020.

25.11.2019

Søknad om endring av løyve frå Tine Meieriet Elnesvågen i Fræna kommune

Tine Meieriet i Elnesvågen søker om endring av løyve etter forureiningslova på meieriet sitt område i Elnesvågen i Fræna kommune.

13.11.2019

Færre søknader om rovviltskadeerstatning i Møre og Romsdal i 2019

Dei førebelse søkartala viser at færre har søkt om erstatning for rovviltskade på sau etter årets beitesesong, men at dei samla tapa ikkje har gått ned.

11.11.2019

Høyring av framlegg om skogvern i Stranda kommune

Fylkesmannen melder med dette lokal og sentral høyring av vern for eit nytt naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43. Arbeidet gjeld eit område ved Liabygda på ca. 144 dekar skog.

11.11.2019

Kampen om sjøareala

Det blir strømming av konferansen!

01.11.2019

Rauma friskmeldt for Gyrodactylus salaris

Elvane i Raumaregionen vart i dag friskmelde etter ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

25.10.2019

Kan Raumavassdraga friskmeldast?

Fylkesmannen inviterer til markering på Åndalsnes. Dei siste prøvene er no til analyse hos Veterinærinstituttet som skal overlevere svara til Mattilsynet. Svaret får vi på Rauma kulturhus fredag 1. november kl. 11:00. Meld deg på her innan 27. oktober 2019.

Fleire nyhende Få nyheitsvarsel