Kommuneøkonomidagen 2024

Dato:
23. mai 2024 10.00 - 15.30
Sted:
Folkets Hus, Løkkeveien 22, Stavanger
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, KS Rogaland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar og økonomiansvarlege i kommunane

Statsforvaltaren inviterer saman med KS Rogaland politisk og administrativ leiing i kommunane i Rogaland til Kommuneøkonomidagen 2024. Kommuneøkonomidagen er eit årleg seminar der revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen er fast tema. No som det kjem eit nytt inntektssystem for kommunane, vert dette óg eit viktig tema på Kommuneøkonomidagen.

Publisert 30.04.2024

For å ta oss inn i det reviderte nasjonalbudsjettet, kommuneproposisjonen og det nye inntektssystemet kjem statssekretær Ole Gunnar Narud frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Det vert sett av god tid til spørsmål frå kommunane. 

Økonomisk berekraft
Alle kommunane i Rogaland jobbar med omstillingar, mellom anna som følgje av demografiske endringar i befolkninga. Inntektene skal rekke til fleire og ofte meir krevjande tenester. På kommunedagen er difor økonomisk berekraft eit tema. Kommunalbanken vil fortelle om den modellen dei brukar for å kredittvurdere kommunane. Økonomisk berekraft ligg til grunn i modellen.

Mange kommunar slit med eit høgt korttidssjukefråvær som kostar kommunane mykje pengar. Frå Sokndal kommune kjem kommunedirektøren og fortel om korleis dei har jobba for å redusere sjukefråværet. 

I Karmøy kommune har dei eit prosjekt som både gir auka kvalitet og økonomiske innsparingar. Prosjektleiaren kjem for å fortelje om prosjektet Kommunalt legemiddelteam. 

Rogaland fylkeskommune har nyleg starta opp eit arbeid i samarbeid med kommunane med namn Berekraftfylket Rogaland. Regionalplansjefen kjem saman med ein av sine rådgjevarar for å fortelje korleis dette prosjektet vil vere til støtte for kommunane i arbeidet med å nå FN sine berekraftmål.  

Program og påmelding til Kommuneøkonomidagen 2024 finn du her.  

Dato:
23. mai 2024 10.00 - 15.30
Sted:
Folkets Hus, Løkkeveien 22, Stavanger
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland, KS Rogaland
Målgruppe:
Ordførarar, kommunedirektørar og økonomiansvarlege i kommunane