Klagesak: Statsforvaltaren gjer avslag på søknad om å dele frå fleire utmarksparsellar i strid med arealføremål og førebod mot tiltak i strandsona.

Øygarden kommune fatta 17. april 2023 vedtak om å gje løyve og dispensasjon til frådeling av om lag 550 831 m² areal til Naturgassparken Vest AS. Etter klage frå Statsforvaltaren i Vestland gjer Statsforvaltaren i Rogaland om løyve til eit avslag.

Publisert 21.03.2024

Saka gjeld søknad om løyve til å dele frå eit areal på om lag 550 831 m², og dispensasjon frå arealføremål sett i reguleringsplanar og kommuneplanen, samt dispensasjon frå forbodet mot tiltak i strandsona. Frådelinga vert søkt om i prosessen med å regulere området om til næring i områdereguleringa av Energiparken sør (PlanID 20220003).

Statsforvaltaren i Vestland ga uttale til søknaden 15. mars 2023 der dei mellom anna skreiv:

«Ei frådeling som omsøkt er eit tiltak etter plan- og bygningslova § 1-6, og iverksetting av tiltak kan dermed skje berre om tiltaket ikkje er i strid med lova eller planar. Før pågåande planarbeid er vedteke er det etter vårt syn svært uheldig å dele frå areal som omsøkt etter reglane om dispensasjon, jf. pll § 26. I realiteten er ikkje den omsøkte frådelinga til uendra bruk, og vi meiner det ikkje er grunnlag for frådelinga før det føreligg vedteken reguleringsplan for dette området. Tiltaket kan ha betyding for bruken av arealet vidare, og ein bør vente på vedteken plan før deling skjer.»

Øygarden kommune ga 17. april 2023 løyve og dispensasjon på følgande vilkår:

«Følgjande vilkår ligg til grunn for løyvet:
1. Frådelinga skal vere i samsvar med søknad og situasjonsplan.»

Statsforvaltaren i Rogaland kunne ikkje sjå at vilkåra for å kunne gje dispensasjon i plan- og bygningsloven § 19-2 var oppfylt. Dette blei mellom anna grunngjeve med at eit stort og samanhengande område som i kommuneplanen som er sett av til LNF(R), dvs. landbruks- natur- frilufts- og reindriftsområde, ville bli fragmentert ved frådelinga når det gjeld dei interessene som er planlagt fremja for området. Ein planprosess vil sikre større moglegheit for både lokal og sentral medverknad mellom anna slik at eventuelle arealkonfliktar lettare kan bli kartlagt og avklart. Ulike kryssande omsyn vil i mykje større grad enn ved enkeltdispensasjonar kunne bli vurdert og bli vekta mot kvarandre ved ein planprosess. Frådelinga ville derfor vere i vesentleg strid med dei omsyn som LNF(R)-føremålet skal ivareta.

Vidare kunne Statsforvaltaren i Rogaland ikkje sjå at dispensasjonen er nødvendig eller hadde klare fordelar ved seg, så lenge kommunen allereie har varsla eit planarbeid for området i samsvar med tiltakshavars ynskje. Dersom reguleringsplanen Energiparken sør blir vedtatt slik som tiltakshavar la til grunn at han ville ved søknaden, vil tiltakshavar som det klare utgangspunkt ha eit krav på å få dele frå eigedomane utan dispensasjon. Frådelinga vil då vere i tråd med plan.

Sjå Statsforvalteren sitt vedtak i brev vedlagt artikkelen.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.