Barnets beste - frå teori til praksis

Bilde av barneombodet, illustrasjon av barns rettar og informasjon om kurs: 11. mars kl. 12-14  digitalt frå Tromsø, eller på The Edge. 15. mars, Live-stream frå Bergen kl. 09-11.
Foto: Statsforvaltarane.

Kva betyr det at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn? Vi ønsker velkommen til digitalt seminar med Barneombod Inga Bejer Engh og statsforvaltarane.

Publisert 09.02.2024

Barneombodet sitt nye e-læringskurs gir innføring i barnets beste-vurderingar og i barn sin medverknad på både system- og individnivå.

På seminaret ønsker vi å presentere kurset og modellen. Den håper vi kan bli nyttig i kommunane sitt arbeid med å sikre barnet sitt beste i praksis.

Seminara blir arrangert i eit samarbeid mellom Statsforvaltarane. 

Del gjerne med andre som kan ha nytte av å delta.

Målgruppe er alle som tar beslutningar på vegner av samfunnet, og som skal vurdere kva som er best for barn, både på individnivå og på systemnivå.

Vel møtt!