Aukande tømmerprisar og god aktivitet i skogen i 2023

Tømmer på Håem kai ved nyåpning 3. november. Foto: Christina Q Heggertveit

Også 2023 overraska med vedvarande aukande tømmerprisar, slik trenden har vore dei siste åra. Dette tydar på eit noko endra situasjonsbilete for tømmeromsetjing i verda.

Publisert 11.01.2024

Tørke og uro i Europa, sesongutfordringar og billeskadd tømmer i Canada er noko av årsaka til at skognæringa har hatt gode prisar også gjennom heile 2023.

I 2023 avverka vi 278 880 m3 i Møre og Romsdal til ein samla verdi av 155,7 millionar. Det gir i gjennomsnitt en tømmerpris på 560 kr for kubikkmeteren. I 2022 var verdien 143,49 millionar og 545 kr kubikkmeteren.

Om lag 92 prosent av det totale volumet er gran, med 72 prosent sagtømmer til 628 kr kubikkmeteren. Slipprisen har auka jamt og trutt gjennom året og i snitt er det i 2023 betalt 437 kr kubikkmeteren for dette sortimentet i fylket.

Skogsvegar

14,3 km skogsbilveg blei ferdigmeld i 2023, fordelt på 7,67 km nyanlegg og 6,6 km ombygd bilveg. 2,46 km traktorveg er også ferdigmeldt gjennom året. Samla sett er det investert 16,9 millionar til dei  ferdigmeldte vegane i 2023, noko som har løyst ut 9,1 millionar i tilskot. Dette utgjer i snitt 53,8 prosent tilskot til vegbygging. Nybygging av ein meter skogsbilveg kosta i gjennomsnitt 1519 kr per meter i Møre og Romsdal i 2023.

Driftstilskot

2 549 752 kroner blei utbetalt som driftstilskot av 46 828 kubikkmeter tømmer i bratt eller vanskeleg terreng, lang transport eller til drift med taubane. Det har gått eit taubanelag i Volda/Ørsta mykje av året, som no er flytta til Fjord kommune.

I sum vart det i 2023 løyvd 14 mill. kroner til veg og driftstilskot, der samla overføring var 10,48 millionar frå Landbruksdirektoratet og resten er inntrekte midlar som er løyvd på nytt. Sentralt løyve til veg og drift, til fordeling på kommunane i fylket for 2024 er sett til 8 millionar. Dette er 400 000 kroner meir enn i januar 2023.  

Svak nedgang i skogkulturaktiviteten

Det blei planta til i underkant av 5 000 dekar i 2023. Dette er litt mindre enn i 2022, som var prega av etterslep grunna manglande tilgang på arbeidskraft i koronaåra. Alt hogstareal vert framleis ikkje planta til, men det er ei markert auke i plantetalet dei siste åra. I høve skogbrukslova pliktar skogeigar å få opp att ny skog etter hogst.

Gjennom 2023 er det gjennomført ungskogpleie på rundt 2 600 dekar. Dette er omtrent som føregåande år. Behovet er langt større, og med optimal skjøtsel skulle vi gjerne hatt ungskogpleie på 1,5 gonger arealet som vert tilplanta, noko som er ca. 7 500 dekar.