Innhaldsrik fylkesskogsamling i Molde

Det ble en snørik svartkjeltime ved DNT Storlihytta i Moldemarka. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Med brei deltaking på skogsamlinga i Molde 14. og 15. mars, frå både kommunar og skognæringa, fekk vi eit godt utgangspunkt for gode diskusjonar og samarbeid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.03.2023

Skogbruket har gode forutsetningar til å vere ein berekraftig bransje. Det passar bra med Møre og Romsdal sitt mål om å vere berekraftsfylket. Eit aktivt skogbruk er ein del av svara på klimautfordringane. Ved å auke skogproduksjonen, kan vi binde meir CO2 frå atmosfæren samtidig som vi produserer fornybart råstoff som kan brukast vidare i klimavennlege produkt.  Det skal ein gjere innanfor rammer og omsyn som stadig er i forandring, kor det og er mogleg å påverke og bidra til ei ønska utvikling.

Stikkord for samlinga var skogskader, råte, økonomi og nytt frå næringa. Og saman lytta vi til korleis PEFC har stramma inn standarden sin på fleire områder etter sin ferske revisjon. PEFC står for «Programme for the Endorsement of Forest Certification».

Reidun Gomo frå Landbruksdirektoratet tok oss gjennom dei viktigaste endringane i ØKS (Økonomisystem for Skogordningane) og totrinnsgodkjenning av søknadar. I fleire innlegg snakka vi om korleis rentemidla frå Skogfondet kan nyttast som verkemiddel for å løyse regionale utfordringar. Her kan det vere reglar/forskrifter som er modne for revisjon. Alle blei invitert til å komme med innspel.

Hogstmodenheit

Skogsjef i Norskog, Even Bergseng, heldt tre foredrag i eitt: Økonomiske konsekvensar av råte, tidleg hogst og marknadsutvikling. Vi fekk ei påminning om korleis hogstmodenheit er eit relativt omgrep, og at dette ikkje blir enklare når vi skal regne inn alle formåla som skogen skal svare ut. Even snakka i utgangspunktet om økonomi, men nemnte også karbonbinding og skogen si helse.

Skogskader

Samlinga sitt innhald viste fram eksempel på det de store spennet mellom fagområda i skogbruket, og korleis dei grip inn i kvarandre. Det blei spesielt tydeleg når professor Isabella Børja frå NIBIO spanderte en time på oss om sopp som kan gjere skade for tømmerproduksjonen. Sjølv om dette ikkje er ei stor utfordring hos oss enda, er det ingen grunn til å tru at vi skal sleppe unna rotkjuke, granas råtesopp. Kunnskap er vesentleg for å førebyggje. Viktig å få med seg frå Isabellas sitt innlegg er oppmodinga om å registrere skogskadar på Skogskader.no, ettersom overvaking av skoghelse er ein del av kommunane sine oppgåver.

Skogen har mange oppgåver

Det var og interessant å høyre om Trefadder som har karbonbinding i skog som utgangspunkt for sin forretningsmodell. Anders Melbø Valvik frå Trefadder la fram aktiviteten deira, som utfordrar skogbruket, lovverk og verkemiddelapparatet med sitt pionerarbeid på denne fronten i Norge.

Frå Karin Klingenberg Hokstad og Andreas Fjærli fekk vi høyre om Allskog sine aktivitetar, utfordringar og planar i regionen. Det handla om alt frå rekruttering og lunneplassar til dronebruk til skogskjøtsel. 

Møre og Romsdal er eit fylke med krunglete topografi, og det gir utfordrande logistikk. På tross av det blir grantømmeret transportert ut av fylket. Ingunn Kjelstad i Fjordtømmer fortalde at tømmer frå vårt fylke er det i Norge som har lengst veg til industri. Det var veldig interessant og inspirerande å høyre korleis Fjordtømmer støtter opp om lokalverdiskapning der det er mogleg. Dei ynskjer seg meir verdiskaping basert på lokalt tømmer.

Juridisk time

Statsforvaltaren sin jurist med spesiell kompetanse på landbruk, Gunvor Fossholt Ytterstad, ga oss ein juridisk time. Vi fekk avklaringar og presiseringar som gjeld veg til næringsmessig landbruk, og lovval mellom Landbruksvegforskrifta og Plan og bygningsloven. Gunvor si oppmoding var tydeleg, gjennom dialog med fylkesskogmeistrane kan ho bidra med rettleiing ved behov.

Programmet avslutta vi med orientering frå skoggruppa hos Statsforvaltaren. Det handla mellom anna om statistikk frå 2022, planting og kartlegging av barkebilleangrep. Tredrivaren fortalde og om sine aktivitetar.