Nytt og spennande samarbeid i kystskogbruket

Norsk eik fra Sørlandet. Foto: Christina Qvam Heggertveit, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Trebaserte næringar har tatt initiativ til eit tett og godt samarbeid i kystfylka Agder, Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Publisert 10.10.2023

Norsk Bygdesagforening har som mål å gjere lokalprodusert virke meir tilgjengeleg for ein marknad som i større grad etterspør byggematerial med låge klimagassutslepp. Auka bruk av norsk tre er breitt forankra i lokale, regionale og nasjonale planar og strategiar. I regjeringa sitt vegkart for Grønt Industriløft står det mellom anna at det er verksemdene sitt eige ansvar å utnytte marknadshøva som følgjer av det grøne skiftet.

I tett samarbeid har små og mellomstore sager og trevarebedrifter tatt dette ansvaret på alvor. Saman med næringsklynga Tre på Agder og bransjeorganisasjonen Norske Trevarer, har Norsk Bygdesagforening fått Kystskogmidlar. Midlane skal nyttast til å lage vegen kortare for lokalt skogråstoff ut til ein større marknad, og slik styrke eksisterande, men også opprette nye trebaserte verdikjeder basert på lokale råvarer. Tredrivaren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er med i arbeidsgruppa, og prosjektet si tverrfaglege referansegruppe viser brei støtte til prosjektet, med representantar frå fleire organisasjonar, to universitet, andre relevante bedrifter og fylkeskommune.

Behov for meir norsk råstoff

Samfunnet etterspør stadig fleire berekraftige produkt, basert på lokale råvarer og norske treressursar. Etterspurnaden av sirkulære løysingar for ulike produkt aukar, om det er til konstruksjonar og bygg, eller om det er til dører, vindauge, innreiing, inventar eller møblar. I dag importerer norske trevarebedrifter store mengder råvarer, noko som gjev negativt utslag på miljøavtrykket til produkta.

Aktørar som Fortidsminneforeininga fortel også om eit stort behov for materialar som bygdesager kan produsere, eigna for restaurering av verneverdige bygg. Vanleg trelast har oftast ikkje rett kvalitet, slik som material frå skog som har vokse seint, er gamal eller kanskje er spesielt grov.

Mange mindre aktørar kan i større grad enn i dag levere spesialkvalitetar og skreddarsaum som marknaden vil ha. Samtidig er ikkje dette godt nok kjent blant arkitektar, planleggarar, innkjøparar, tradisjonshandverkarar osv. Dei mange trevarebedriftene langs kysten importerer i stor grad sitt råstoff, sjølv om dei ønskjer å kjøpe norsk trelast. 

Samarbeidet har som mål å etablere ein digital marknadsplass for lokalproduserte materialar

Norsk Bygdesagforening har leia ei kartlegging av verdikjeda frå skogeigar til ferdig produkt. Samarbeidet mellom Norske bygdesager, Norske trevarer og Tre på Agder tar utgangspunkt i resultata frå kartlegginga. Verdikjedeaktørar har i fellesskap peika på utfordringar og moglegheiter, slik dei opplever verdikjeda og eigne bedrifter. Dei foreslår løysingar som kan styrke bransjane mot meir grøn industri frå norsk tømmer. Ei utfordring for små bedrifter er liten marknadsføringskompetanse. Det var også tydeleg at bedriftene samarbeider lite, dei har ofte små nettverk, og kjenner lite til andre aktørar i verdikjeda. Marknadsføring, synlegheit og å vere ein del av eit nettverk, samt manglande digitale verktøy er tema som var trekt fram som skrankar og løysbare problem.

Det er difor eit stort potensiale i å kunne marknadsføre både bedriftene og lokale produkt frå lokale skog- og treressursar på ein langt betre måte. Det same gjeld for nettverk og kompetanse om skog og treprodukt. Viss lokalt tømmer kan erstatte importerte material i trevarebransjen, vil det gi ein stor gevinst for klima og lokal verdiskaping.

Med støtte frå Kystskogmidlane vil partane i samarbeidet leite etter løysingar på desse utfordringane. Ein felles digital møteplass/portal er ein del av løysinga. På denne måten er prosjektet eit direkte utspring frå bedriftene si skildring av behov.

Gjennom prosjektet vil Norsk Bygdesagforening, Norske Trevarer og Agder Tresenter bidra til kystskogbruket sitt arbeid for auka verdiskaping på tvers av kystfylka. Samarbeidspartane er i ein god posisjon for dette. Som medlemsorganisasjonar for svært mange bedrifter har Norsk Bygdesagforening, Agder Tresenter og Norske Trevarer samanfallande mål om å bidra til berekraftig utvikling og felles løysingar som gir gevinstar for medlemsbedriftene, hundrevis av verksemder, spreidd rundt om i landet.

Nyttig kartleggingsarbeid

Norsk Bygdesagforening har starta kartleggingsarbeidet som skal gi oversikt over trebedrifter i Vestland og i Møre og Romsdal. Dette blir rådata til den digitale koplingsarenaen som næringa etterspør. Tredrivaren i Møre og Romsdal har løyvd midlar til kartlegginga, og deltek i samarbeidet. Det er meldt om interesse for kartlegging i Rogaland og Agder også. Arbeidet er foreløpig berre ein enkel database som må utviklast og profesjonaliserast. Norske Trevarer og Agder Tresenter ser eit stort potensiale i å forbetre og profesjonalisere løysinga og vil bidra til arbeidet.

Målet med ein digital koplingsarena er at bygdesager og trevarebedrifter, men også andre aktørar, får auka tilgang på berekraftige råvarer som samfunnet etterspør. Slik vil prosjektet bidra til verdiskaping i alle tre dimensjonar av den tredelte botnlinja; sosiale forhold, miljø og økonomi.

Prosjektet vil utfordre potensialet som ligg i lønsam foredling av produkt med lang levetid, låge klimagassutslepp og som kjem frå effektiv utnytting av lokale skogressursar. Små og mellomstore sagbruk skal spele ei rolle i det grøne industriløftet, som har mål om å bidra til å ta heile landet i bruk og skape levande byar og bygder.