Jordleigekontrakter - tema på kommunesamling

Strandadalen, Stranda. Foto: Ragnhild Naug Aas, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Driveplikt og krav til jordleigekontrakter var sentralt tema på Statsforvaltaren si årlege fagsamling for kommunetilsette som jobbar med saker etter jordlova og konsesjonslova.

Publisert 16.02.2024

Krav til jordleiekontrakter

For ein grunneigar som vel å oppfylle driveplikta ved bortleige av jordbruksareal gjeld det absolutte krav til leigekontrakten. Grunneigaren må leige ut jordbruksarealet med skriftleg kontrakt i minst 10 år, og har ikkje høve til å seie opp kontrakten i denne perioden. I jordlova § 8 står det at kontrakten ikkje kan gjerast gjeldande mellom partane dersom avtalen er i strid med krava. Kommunane fører tilsyn med at jordleigekontraktene er lovlege.

Dom i Høgsterett

På fagsamlinga i Molde 24. januar gjekk jurist Maja Sandvik Schartum frå Landbruksdirektoratet gjennom ein viktig dom frå Høgsterett frå oktober i fjor. Problemstillinga for Høgsterett var kva verknad det fekk for jordleigekontrakten at grunneigaren hadde sikra seg ein ulovleg klausul om rett til kortare leigetid enn 10 år.

Grunneigaren viste til ordlyden i jordlova § 8 og meinte han kunne gå frå heile avtalen utan å følgje kravet om 10-årig avtale. Leigetakaren meinte derimot at det berre var den ulovlege klausulen som ikkje kunne gjerast gjeldande mellom dei, og at kravet til 10-årig avtale måtte gjelde.

Høgsterett ga leigetakaren fullt medhald. Ved bortfall av den ulovlege klausulen hadde leigetakaren rett til å fullføre leigeforholdet i tråd med jordlova sine krav. Dommen inneber ei styrking av bonden si privatrettslege stilling i eit leigeforhold.

Andre tema på samlinga

Jordskiftelagdommar Magne Reiten heldt innlegg om grannegjerdelova og beitelova. Gjerdeplikt og beiterett kan gje mange privatrettslege konfliktar som må løysast i jordskifteretten.

I tillegg var praktisk forvaltningsrett og konsesjon for kjøp av landbrukseigedom tema på samlinga.