Oppgang i søknadar på Klimasats frå kommunar i Møre og Romsdal

Klimasats er ei stønadsordning som bidreg til at kommunar sett i gang klimatiltak som ellers ikkje ville blitt gjennomført. Dei siste åra har talet på søknadar og omfanget av søknadar vore synkande i Møre og Romsdal. I år har heldigvis trenda snudd.

Publisert 01.03.2024

Klimasats er ei stønadsordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutte utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppsamfunnet. I Møre og Romsdal har 130 små og store prosjekt fått stønad sidan ordninga vart oppretta i 2016.

I ein pressa økonomisk situasjon er det ekstra viktig at kommunen søker på midlar for å kunne ta klimaomsyn ut over minstekrav.

Sidan 2021 har talet på søknadar i Møre og Romsdal stadig gått nedover, frå 47 søknadar i 2021 til berre 10 søknadar i 2023. Trenden har no heldigvis snudd, og i år kom det 30 søknadar frå vårt fylke. Ikkje alle søknadar vert innvilga. Tabellen under viser tal på søknadar, samla søkesum, tal på innvilga søknadar og samla sum på innvilga stønad frå 2021 og fram til i dag:

  Tal søknadar Innvilga Samla søkesum Samla stønad
2021 47 30 44 millionar 13 millionar
2022 25 22 15 millionar 9 millionar
2023 10 6 5 millionar 3 millionar
2024 30   20 millionar  

 

Søknadane for 2024 blir behandla fortløpande av Miljødirektoratet fram mot sommaren. Det blir spanande så sjå kor mange av søknadane frå fylket som får stønad i år.

Fristen for å søke på klimasats gjekk ut 15 februar. Under er lenke til andre ordningar kommunen kan søke på med frist seinare denne våren.:

 

Kommunane kan søke om tilskot til natur (statsforvalteren.no)

Utlysing av midlar til klimavennlege offentlege bygg (statsforvalteren.no)

Skjønnsmidlar og Fylkesløft/Prosjektskjønn for 2025 (statsforvalteren.no)