Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil tre gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I delområde B (Surnadal og delar av Aure kommune) er jaktstart utsett til 14. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

Publisert 31.01.2024

Etter klageavgjerd i Klima og miljødepartementet (KLD) 30.01.2024, omgjering av vedtak 01.02.2024 og vedtak i rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge 27.10.2023 gjeld følgjande for kvotejakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2024:

Startkvoten (...) fordeles til de avgrensa kvotejaktsområder som følger nedenfor:

Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 3 gauper (hvorav maks 1 voksne hunndyr).

- Kvotejaktstart utsatt i delområde B til 14. februar 2024.

  • Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 2
  • Delområde B: Øvrige deler av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 1 

Familiegrupper unntas fra kvotejakt til og med 9. februar i delområde A og til og med 28. februar i delområde B.

Merk at delområda ikkje blir slått saman 1. mars 2024

I resten av Møre og Romsdal har rovviltnemnda opna for kvotefri jakt (unntak for familiegrupper gjeld ikkje desse områda).

Kart over kvoteområda finn du på https://kart.gislink.no/gaupe

Rovviltnemnda sitt vedtak og KLD sine klageavgjerder finn du i menyen til høgre.

  • Særlege vilkår for utøving av kvotejakt på gaupe i region 6 i 2024
    Jeger pliktar å halde seg oppdatert om status for kvotejakt på Statsforvaltaren sin kvotetelefon og å registrere seg for varsling på Statsforvaltaren si SMS-teneste.
  • Jaktlaga som utøver kvotejakt har minst ein person som er innanfor telefondekning, og felling av gaupe skal umiddelbart og seinast innan 30 minutter meldast til aktuell statsforvaltar.

Melding om felt dyr og kontroll
Felling eller forsøk på felling av gaupe skal umiddelbart meldast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal på vår vakttelefon: 90 92 60 16. Statsforvaltaren vil be om følgjande informasjon ved melding om felt gaupe:

  • Namn og telefonnummer til skyttar
  • Kommune/fellingsområde
  • Lokalnavn på fellingsstedet
  • UTM-koordinater for skotstad
  • Antall skyttarar
  • Type våpen og tal skot løsna
  • Kjønn og truleg alder (vaksen/unge) på det felte dyret
    (sjå rettleiar til kjønnsbestemming i høgremarga).

Felt gaupe skal visast fram for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking. Statsforvaltaren vil formidle vidare opplysningane ovanfor til SNO, som i neste omgang tar kontakt med skyttar for nærare avtale om kontrollen. SNO vil og gjennomføre skotplasskontroll, så det er viktig at skytter kan finne tilbake til skotstaden.

Generelt om kvotejakt på gaupe

Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på. Kvotejakta er ordinær jakt etter viltlova § 9, og er omfatta av dei samme reglane som anna jakt. Jakttida på gaupe er frå og med 1. februar til og med 31. mars. Aldersgrensa er 18 år.

Gaupe er definert som storvilt, og det må avleggast skyteprøve for storviltjegarar om du skal jakte gaupe med rifle. Det er også tillate å jakte gaupe med hagle. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar. Dette omfattar også forbod mot å jage eller lokke vilt bort frå andre sine jaktområde. For jakt på statsgrunn må ein ha gyldig jaktkort for enten småviltjakt eller storviltjakt. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Statsforvaltaren.