Lisensfelling av ulv 2023/2024

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil tre ulvar i Midt-Norge vinteren 2023/2024. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2023 til 31. mai 2024.

Publisert 30.11.2023

Kvota på tre ulvar gjeld for heile region 6, som er fylka Trøndelag og Møre og Romsdal.

Etter klagebehandling stadfesta Klima- og miljødepartementet rovviltnemnda sitt vedtak i brev datert 27. november 2023. 

Frå klageavgjerda vil vi framheve følgjande:

Av hensyn til den genetisk alvorlige situasjonen i ulvebestanden, samt dyrevelferd knyttet til fellingsperiodens lengde ved lisensfelling rettet mot eventuelle revirhevdende ulver, setter departementet følgende vilkår gjeldende for alle lisensfellingsområder utenfor ulvesona:

  • I alle regioner gjelder at statsforvalterne har myndighet til å kunne stoppe lisensfellingen ved mistanke om at genetisk verdifulle dyr er på vandring i områdene der lisensfelling pågår.
  • Dersom det påvises aktivitet av revirmarkerende ulvepar, skal lisensfelling stanses i aktuelle områder 15. februar av hensyn til parringstiden.
  • Om nye opplysninger påviser aktivitet av familiegrupper av ulv, skal lisensfellingen avgrenses til perioden mellom 1. januar til 15. februar i aktuelle områder.

Krav til jegerar som vil jakte ulv

  • Jegarar som vil delta i lisensfellinga må registrere seg som lisensjegar via Jegerregisteret. Jegar skal bere med seg utskrift av den personlege lisensen under fellingsforsøket.
  • Skyteprøve avlagt i jaktåret 2023/2024 gjeld i deltaking i lisensfellinga av ulv til og med 31. mai 2024.
  • Betalt jegeravgift er kun gyldig for jaktåret, dvs. ut mars månad. Lisensjegarar som skal delta i fellinga av ulv etter 31. mars 2024 må betale jegeravgift for nytt jaktår (2024/2025) før dei kan delta i lisensfellinga.
  • Lisensfelling av ulv krev løyve frå grunneigar.
  • Jegarar pliktar å halde seg oppdatert om den til ei kvar til attverande kvota. Informasjon om kvota får ein på Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin kvotetelefon 71 25 85 03 (telefonsvarar).Merk også at vi tilbyr ein SMS-teneste for kvotemeldingar for lisensjakt på ulv. Meir info i lenke til høgre.
  • Ved felling  av ulv eller om det vert løyst skot mot ulv skal dette UTAN OPPHALD meldast til Statsforvaltaren på telefon 9092 6016 og til næraste politimyndigheit.
  • Felte dyr skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for umiddelbar kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Jeger skal kunne påvise fellingsstad etter anmoding frå Politiet, Statens naturoppsyn eller Statsforvaltaren.
  • Viltfondet har eigedomsrett til alt freda rovvilt felt under lisensfelling jf. viltlova § 48. Viltfondet opprettheld sin eigedomsrett til felt ulv (herunder kraniet), men gir jeger rett til skinnet av ulv felt under lisensfelling. Vi gjer merksam på at omsetting eller vidaresal av delar av felt ulv utanfor landets grenser er omfatta av CITES-regelverket.