Statsforvaltaren opphevar fleire av Sande kommune sine vilkår knytt til ny ferjekai på Larsnes

Fleire av vilkåra om sikringstiltak som Sande kommune sette til vedtaket er oppheva.

Publisert 15.02.2024

Ny Larsnes ferjekai

Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt om å bygge om ferjekaiane på Larsnes, Voksa og Kvamsøya i Sande kommune. Målet er å gje kaianlegga kapasitet til å ta imot større ferjer enn det dagens anlegg er tilrettelagt for.

Kommunen innvilga dispensasjon i mars 2023, medan dei i april innvilga rammeløyve til ferjekaia på Larsnes. Kommunen sette fleire vilkår til vedtaket som fylkeskommunen har klaga på. Kommunen hadde mellom anna sett vilkår om at fylkeskommunen må bidra til å opparbeide ny allmenningskai, gjere sikringstiltak mot allmenningskaia og at den nye ferjekaia må konstruerast slik at det nærliggande badeområdet blir trygt frå straum frå ferjepropellane.

Vilkår i rammeløyvet var ikkje gyldige

Klagesaka har vore behandla av både Kystverket og Statsforvaltaren. Vilkåret om å bidra til ny allmenningskai blei oppheva av Kystverket, medan Statsforvaltaren har oppheva sikringsvilkåra for allmenningskaia og badestranda.

– Plan- og bygningslova seier at søkaren skal få byggeløyve når tiltaket er i samsvar med regelverket. Kommunen har då klart avgrensa moglegheiter til å sette tyngande vilkår til vedtaket, seier seniorrådigvar Andreas Welle Rusten.

Lova sitt system er at søkaren skal prosjektere tiltaket og på den måten avklare kva sikringstiltak som er nødvendige. Dette er informasjon kommunen skal legge til grunn i si saksbehandling.  

– Begge vilkåra frå Sande kommune om å sikre allmenningskaia og badeområdet er fastsett utan at kommunen har dokumentert at dei er nødvendige. Vilkåra går utover det fylkeskommunen har søkt om i så stor grad at vilkåra ikkje er gyldige, fortset Rusten.

Må sjå på følgjer for badeområdet

Samtidig seier Rusten at den nye ferjekaia og ferjedrifta sin innverknad på badeområdet berre i avgrensa grad er avklart i fylkeskommunen sin prosjektering.

– Statsforvaltaren stiller difor eit eige vilkår om at fylkeskommunen må klarlegge om tiltaket kan gje farlege straumar inn mot badeområdet. I så fall må dei gjere nødvendige tryggingstiltak.