Verneområde

Oppdatert 20.12.2023

Den største trusselen mot naturmangfaldet i Noreg er at leveområde for dyr og plantar blir øydelagde og delte opp. Naturreservat, nasjonalparkar og andre verneområde bidreg til å ta vare på naturverdiar og bevare område av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområde kan også opprettast for å ta vare på eigenart og kulturminne i landskapet.

Forvaltning av verneområda

Ansvaret for å forvalte verneområda er delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Statsforvaltaren er forvaltningsstyresmakt i dei fleste naturreservata. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Det er oppretta fleire interkommunale verneområdestyre. Ein statleg tilsett verneområdeforvaltar er sekretær for styra.

Forvaltningsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda. Dette gjer dei i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdast i verneområda

Allemannsretten gir deg høve til å ferdast fritt i verneområda. All ferdsel må skje omsynsfullt, slik at dyr og plantar ikkje blir skadde eller forstyrra. I enkelte område kan det vere ferdselsforbod delar av året, som i hekke- og yngletida. Av omsyn til dyrelivet er det forbode å jakte i fuglefredingsområde og ein del naturreservat, men i mange verneområde kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er eit mål at motorisert ferdsel i verneområda skal avgrensast, både av omsyn til dyre- og plantelivet og faren for sporskadar, og for at ein skal kunne oppleve naturen utan forstyrrande bråk. Du kan søkje om å drive motorferdsel i eit verneområde. Det er Statsforvaltaren som behandlar søknaden.

Reglar for å fly dronar i naturen

Dersom du skal fly drone i naturområde, må du først sjekke om det er spesielle restriksjonar der du ønskjer å fly. Sjølv om du ikkje er i eit område med restriksjonar, må du sørge for at droneflyginga ikkje uroar til dømes fugle- eller dyreliv.

Dei generelle reglane for å fly dronar, finn du på Luftfartstilsynets nettsider om dronar og modellfly.

Kva andre reglar som gjeld for å fly dronar, avheng av kvar du er. Dersom området ligg i eit naturvernområde, må du undersøkje kva reglar som gjeld for akkurat dette området. Alle verneområde har ei verneforskrift som gir reglar for området. Miljødirektoratets nettsider har ei kartløysing som gjer det lett å finne ut om eit område er verna. I kartløysinga finn du også lenke til verneforskrifta som gjeld.

Som hovudregel er bruk av dronar forbode i nasjonalparkane og dei store landskapsvernområda. Dette er både av omsyn til dyrelivet, og av omsyn til friluftsliv og ro.

Dersom du ønskjer å fly drone i eit verneområde der det er forbode, må du først søkje om løyve. Søknaden skal sendast til den instansen som har forvaltningsmynde for verneområdet. Verneforskrifta har informasjon om kven som har forvaltningsmynde.

Vis meir


Publisert 25.11.2016

Verdfullt skogområde verna i Nesset

Regjeringa har i Statsråd 25.11.2016 utvida Prestaksla naturreservat med ca. 480 daa. «Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår», seier seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen.


Publisert 18.12.2014

Skogvern i Sunndal og Nesset

Regjeringa har nyleg vedteke vern av to skogsområde i fylket. Det eine ligg i Eikesdal i Nesset kommune og det andre er Hisdalen i Sunndal kommune.


Publisert 05.05.2014

Høyring - Grenseendring Langvatnet naturreservat

Fylkesmannen foreslår å redusere Langvatnet naturreservat, Tingvoll kommune, med ca. 4,2 daa. Formålet med endringa er å opne for ny vegtrasé for E 39.


Publisert 08.03.2014

Start på skogvern i Sunndal og Nesset

Det er aktuelt med vern av Hisdalen i Sunndal kommune og Mardalen i Nesset kommune.  Fristen for innspel til denne meldinga er 08.04.14.


Publisert 18.02.2014

Godkjente forvaltingsplanar i to naturreservat i Surnadal

Fylkesmannen har godkjent forvaltingsplanane for Surna og Søysetøran naturreservat. Naturreservata er verna våtmark og elveoslandskap i Surnadal kommune.


Publisert 14.02.2014

Skogvern i Molde og Nesset

Regjeringa har i dag vedteke vern av eit skogsområde på 611 dekar som ligg mellom Horsgard i Molde kommune og Buvika i Nesset kommune.


Publisert 31.01.2014

Våtmarksvern og landbruk hand i hand



Den 2. februar er den internasjonale våtmarksdagen, og i 2014 vert samvirket mellom landbruk og våtmarksforvalting markert. Landbruksaktivitetar som beiting, slått, rydding av skog og kratt vil gagne verneverdiane i våtmarksområda. Fylkesmannen samarbeider difor med grunneigarar og gardbrukarar om fleire skjøtselstiltak.


Publisert 09.07.2013

Auka innsats mot strandsøppel i Sør-Smøla

Statens naturoppsyn har løyvt nye kr. 150.000,- i tiltaksmidlar til rydding av strandsøppel i Sør-Smøla landskapsvernområde. Midlane skal brukast til opprydding av strandsøppel som ligg att etter Dagmar-orkanen, og nytt søppel som har kome til i løpet av siste vinter.


Publisert 03.05.2013

Naturreservat i Molde og Nesset – høyring av verneframlegg

Fylkesmannen har sendt på høyring eit framlegg til vern av skog på nordsida av Langfjorden. Uttalefristen er 08.07.2013.


Publisert 27.02.2013

Forvaltningsplanar for 6 naturreservat

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har godkjent forvaltningsplanar for naturreservata Hustadbukta, Langøyvågen og Farstadbukta i Fræna kommune, Nauste i Nesset kommune og Hensøran i Rauma kommune, samt Vågstranda plantefredingsområde i Rauma kommune.