Helsestasjonar må ha rutinar for å følge opp barn som ikkje møter

Alle barn og unge har rett på tilbod på helsestasjon og i skulehelsetenesta, og retningslinja er no oppdatert for å fange opp dei som ikkje møter til konsultasjonar.

Publisert 19.06.2023, Sist endret 23.02.2024

Anbefalinga i retningslinja seier at helsestasjonen bør ha rutinar for å følgje opp foreldre og barn som

  • ikkje møter til avtalte helsekonsultasjonar
  • avbestiller eller endrar timar gjentekne gonger

Helsestasjonen bør også ha rutinar for å sikre oppdatert oversikt over barn under skulealder, som bur i kommunen.

Kommunen skaffar seg oversikt ved å gjere ein regelmessig kontroll i journalsystemet opp mot personregisteret, gjennom Norsk helsenett. Her er det mellom anna opplysningar om tilflyttarar og nyfødde. Det nye punktet i retningslinja viser også til døme på tiltak for å sikre barnets rett til helsekonsultasjonar og oppfølgingstiltak når barnet ikkje møter.   

Nasjonal faglig retningslinje om helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom finn du på Helsedirektoratet si nettside.