Vil du jobbe hos oss?

Når vi har ledige jobbar, annonserer vi dei her på nettsida vår og i rekrutteringsportalen vår.

Publisert 22.09.2023
Ledige stillingar

Vi har for tida ingen ledige stillingar

Prosessen

Vil du jobbe hos oss? Har du søkt jobb og har spørsmål om prosessen? Her kan du sjå dei ulike stega frå vi lyser ut ei ledig stilling, fram til tilsetting og oppstart i jobben.

Vi kunngjer stillingane våre offentleg både på eiga heimeside, på www.arbeidsplassen.nav.no/ledige stillingar og på jobbsida vår. I kunngjeringsteksta fortel vi deg kva oppgåver som ligg til stillinga og kva krav vi har til kvalifikasjonar til dei som søkjer. 

Vi stiller store krav til oss sjølv i rekrutteringsprosessane våre. Kompetansen til søkjarane blir vurdert opp mot krava vi har til stillinga, og prosessane kring rekrutteringa blir godt dokumenterte og etterprøvbare.

Etter søknadsfristen ser vi på om du som søkjar har dei kvalifikasjonane som vi har satt i kunngjeringsteksta. Det er desse kvalifikasjonane vi er på utkikk etter i søknad og CV. Det er difor viktig at søknaden din er komplett utfylt.

I søknadane ser vi etter motivasjon for å søke stillinga, relevant utdanning og erfaring.

Vi følgjer kvalifikasjonsprinsippet når vi vurderer søknadane. Det gjer vi for å sikre ei likeverdig handsaming av alle søkjarane. Om det er mange kvalifiserte søkjarar, vil vi kalle inn dei vi finn best kvalifisert til intervju. Søkjarar som ikkje fyller minimumskrava vi har sett til stillinga, kan vi diverre ikkje vurdere som aktuelle vidare i prosessen.

Om du ikkje er med vidare i prosessen, er det viktig å fokusere på at det ikkje treng vere noko feil med deg og kompetansen din. Konkurransen kan vere stor og kompetansen vert vurdert opp i mot dei kvalifikasjonskrava vi har sett i akkurat denne stillinga. Det kan difor vere at vi seinare har ei stilling for deg og din kompetanseprofil.

Vi kallar inn til intervju dei vi finn best kvalifisert jf. krava i kunngjeringa. Intervju kan bli gjennomført enten digitalt eller ved fysisk oppmøte hos oss i Molde. I intervjuet vil du møte både leiar i avdelinga du har søkt, ein medarbeidar frå HR/personal samt ein tilsettrepresentant. I etterkant av intervjuet vil vi gjennomføre referansesjekkar.

Leiar i avdelinga kor tilsettinga skjer, vil med bakgrunn i søknad, intervju og referansar utarbeide eit innstilling som blir behandla i tilsettingsrådet vårt. Innstillinga inneheld vurdering av kandidatane med ei grunngitt rangering av dei. Tilsettingsrådet vårt fattar med bakgrunn i denne utgreiinga vedtak om tilsetting.

Når vedtak i saka er fatta i tilsettingsrådet, sender vi eit skriftleg tilbod til den som er nr. 1 på lista for tilsetting. Om vedkomande takkar ja til stillinga vert det inngått ein arbeidsavtale.

Saka vert vidare avslutta og alle søkjarar vert tilskrivne med informasjon om tilsettinga.

Når du har takka ja til stilling hos oss, vil vi ta kontakt med nærare avtale om oppstart (dag og klokkeslett). Vi utarbeider ein plan for den første tida, og du får ein første introduksjon til sentrale personar og støttefunksjonar. Du får tid til å bli kjent med oss og får gradvis meir og meir sjølvstendig ansvar for oppgåvene dine. Samstundes som du tek fatt på å sette deg inn i det faglege i nettopp den stillinga du skal ha hos oss, vil du også delta i eit opplæringsløp i forhold til det å vere tilsett i staten og hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Korleis er det å jobbe hos oss?

Under finn du litt informasjon om korleis det er å jobbe hos oss.

Vi har eigne cellekontor, opne dører og uformell kultur. I sosiale soner har vi minikjøkken og moglegheit til å forsyne oss frå drikkeautomat og fruktfat. Det er sjølvsagt slik at vi der treff kollegaer og kan slå av ein uformell prat på tvers av oppgåver og fagområde.

Vi legg til rette for at ein skal trivast på jobb, meistre oppgåvene og vere inkludert i arbeidsmiljøet. Derfor har vi aktivitetar som støttar opp under det – mellom anna velferdsarrangement og medarbeidardagar.

Vi har kantine som er felles for alle som jobbar på huset. Der får vi kjøpt både varm og kald mat.

Vi har eit treningsrom som alle kan bruke, anten ein er medlem i bedriftsidrettslaget eller ei. Fleire nyttar treningsrommet til trening i arbeidstida. Vi har pt. moglegheit til å bruke 1 time i veka til trening i arbeidstida. Om du vel å vere aktiv utandørs eller tek ein tur i trimrommet, er det opp til deg.

Arbeidstida er frå klokka 0800 – 1530. Vi har fleksitid med kjernetid frå klokka 09:00 – 14:30. Opparbeida fleksitid kan avspaserast.

Om oppgåvene ligg til rette for det, kan vi inngå avtale om å kombinere arbeid frå kontorstad med heimekontor.

God pensjonsordning har vi gjennom Statens pensjonskasse (SPK). Som tilsett vert du trekt to prosent av brutto lønn til obligatorisk premieinnskot, medan arbeidsgivar sett inn sin andel. Som medlem av Statens pensjonskasse får du mellom anna tilgang til gunstige bustadlån.

Vi har elles gode avtalar og fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar anten det er med eller utan løn.

Fotografi av Bergfrua - fylkesblomen i Møre og Romsdal

Kort om oss

Som medarbeidar hos oss, vil du saman med om lag 150 andre, jobbe for å nå visjonen vår om ei trygg framtid for folk og natur. Vi har sterke fagmiljø, og samfunnsoppdraget vårt krev samarbeid og samfunnsforståing. Dette både krev og gir oss moglegheit for kontinuerleg læring og tverrfagleg samarbeid. Kontorstaden vår er i Molde, kor vi held hus saman med andre offentlege etatar.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med mange jobbmoglegheiter innan ulike fagfelt. Vi arbeider for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner.

Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi skal også samordne anna statleg forvaltning i fylket og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommune og kommunar.