Overvaking av skog og skogskadar i Møre og Romsdal

Gransnutebille Hylobius abietis er vanleg på småplanter av gran og furu. Vaksne biller gneg på barken. Gnag rundt rothalsen kan drepe plantane. I Møre og Romsdal er gransnutebille eit betydeleg hinder for ny skog etter hogst. Foto: Odd Løset, Statasforvaltaren i Møre og Romsdal.

Skogskadar er eit stort fagområde som handlar om skadar forårsaka av insekt, sopp, dyr og klima. Offentlege skogbruksmyndigheiter har eit særleg ansvar for overvaking av skogskadar.

Publisert 26.04.2024

Skogen er verdifull for oss, den dekker mange ulike behov. Frå skogen får vi material, naturopplevingar, heim til dyr, plantar og sopp. Skogen gir oss og vern mot vind, skred og flaum. I dei seinare åra har vi fått auga opp for jobben som skogen gjer med karbonbinding og karbonlagring, både i trea og i skogsjorda.

Ansvar for tiltak mot skogskadar

Forskrift om berekraftig skogbruk fortel korleis ansvaret er fordelt når det gjeld tiltak mot skogskadar. Skogeigar har ansvar for at hogst, framdrift, handtering av hogstavfall, ungskogpleie og andre tiltak gjerast slik at det ikkje oppstår fare for insektskadar eller andre skadar på skog. Statsforvaltaren har som oppgåve å sjå til at kommunane overvaker skogen med omsyn til skogskadar.

Når vi skjøttar skogen påverkar vi både skoghelsa og omløpstida, ofte med optimal produksjon som målsetting. I tillegg til jobben som skogeigar gjer i skogen, vil lengde på omløpet variere med treslag, vokseplass og trykket frå klima og skadegjerarar. Forureining og næringsmangel kan også gjere skade på skogen, og føre til nedsett helse og død.

Faktorane som påverkar omløpet til skogstrea ønsker vi å halde auge med. Viss det er fare for at omfanget av skogskadane blir kritisk, kan vi gjere tiltak for å kontrollere utviklinga, slik at skogen kan oppretthalde funksjonen sin.

Registrering på Skogskader.no

Alle som observerer skogskadar kan melde dei inn til Skogskader.no, ein portal som drivast av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Kommunane har eit særleg ansvar for å melde inn skogskadar til Statsforvaltaren og i portalen, Skogskader (nibio.no). NIBIO har det faglege ansvaret for skogskader.no og kvalitetssikrar alle innsende rapportar.