Endra utsleppsløyve for Ørsta/Volda lufthamn

Avinor AS får etter søknad endra utsleppsløyvet for lufthamna ved Ørsta/Volda.

Publisert 15.01.2024

På grunn av fleire fleire svingingar i vêr- og temperaturtilhøva dei siste åra og ein venta auke i flytrafikken, var det naudsynt med nye utsleppsgrenser for avisingskjemikaliar. Det nye løyvet opnar for eit utslepp av flyavisingskjemikaliet på opp til 15 000 liter i året og eit utslepp av baneavisingskjemikaliet tilsvarande eit kjemisk oksygenforbruk (KOF) på opp til 4 500 kg O2 i året.

Vedtak med løyve kan lesast via lenkja til høgre på denne sida.

Kommentarar eller klage på vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan tre veker. 

Kontaktpersoner

Dokumenter