Informasjonsbrev veke 18/2024

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Overvaking av skog og skogskadar i Møre og Romsdal 
  • Tilskot til miljøtiltak i skog 
  • Kurs i Ville Vekster med Jørgen Ravneberg fra Kolonihagen 
  • Lokalmat Møre og Romsdal –prosjektet er igong 
  • Høyring nytt gjødselregelverk - gjødselkalkulator 
Publisert 02.05.2024

Overvaking av skog og skogskadar i Møre og Romsdal 

Skogskadar er skadar på skogstre forårsaka av insekt, sopp, dyr og klima. Offentlege skogbruksmyndigheiter har eit særleg ansvar for overvaking av skogskadar. I forskrift om berekraftig skogbruk er ansvaret for tiltak mot skogskadar fordelt. Skogeigar har ansvar for at hogst, framdrift, handtering av hogstavfall, ungskogpleie og andre tiltak gjerast slik at det ikkje oppstår fare for skadar på skog. Statsforvaltaren har som oppgåve å sjå til at kommunane overvaker skogen med omsyn til skogskadar. 

 Alle som observerer skogskadar kan melde dei inn til Skogskader.no. Kommunane har eit særleg ansvar for å melde inn skogskadar til Statsforvaltaren og på Skogskader (nibio.no). Les meir her 

 Kontaktperson: Christina Qvam Heggertveit 

 

Tilskot til miljøtiltak i skog 

Det er sett av ei sentral ramme på 5 mill. kroner til miljøtiltak i skog for 2024. Det er ikkje noko endringar i regelverket knytt til ordninga og søknadane kan handsamast fortløpande gjennom året.  

Ordninga famnar m.a. meirkostnadar med å ta vare på milljøverdiar og økonomiske tap ved å måtte avstå frå hogst.  

Meir informasjon finn du her: Miljøtiltak i skog 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Kurs i Ville Vekster med Jørgen Ravneberg fra Kolonihagen 

22.-23.mai inviterer Kompetansenettverk Lokalmat til første av tre kurs i “Ville vekster”. Målgruppa er lokalmatprodusentar, kokkar og serveringsbedrifter som ønsker å få bedre kunnskap om sanking av ville vekster til bruk i produktutvikling.  

Del gjerne denne informasjonen med aktuelle deltakarar i ditt område. Info og påmelding finn du her. 

Kontaktperson: Marie Teigeland

 

Lokalmat Møre og Romsdal –prosjektet er igong 

Nyleg vart oppstarten til det treårige prosjektet Lokalmat Møre og Romsdal markert. Deltakarlista viste over 50 påmeldte produsentar og aktørar fra turist- og serveringsbransjen til “kick-off”. Meir om det her. 

For meir info om prosjektet og kva det inneber, sjå her. 

Kontaktperson: Marie Teigeland

 

Høyring nytt gjødselregelverk - gjødselkalkulator 

Landbruks- og matdepartementet har saman med eit par andre departement lagt eit forslag til ny gjødselbrukforskrift ut på høyring. Det er foreslått endringar i både arealkrav, spreietidspunkt og forvaltning av regelverket. Krav til spreieareal vil etter forslaget vere basert på fosformengder. 

Statsforvaltaren i Rogaland og Landbruksdirektoratet har i samarbeid laga ein kalkulator for å rekne ut fosformengder basert på dyretal og om den enkelte gard har nok spreiareal. Den kan vere eit hjelpemiddel for å vurdere dette på enkeltbruksnivå. Lenke til informasjon om forslaget og om kalkulatoren ligg her: Forslag til nytt gjødselregelverk - Landbruksdirektoratet 

Kontaktperson: Per Eldar Nakken